AddToAny

Tyrkiske journalistar måtte trøysta kvarandre etter jordskjelvtragedien

- Uansett kor mykje du har sett det på fjernsynsskjermen, så viser det berre ein bitte liten del av storleiken på desperasjonen, øydeleggingane, tapa og sorga.
Det finst ikkje ord som kan skildra det, seier den tyrkiske TV-produsenten Güldenay Sonumut. Både ho og kollegaen Nida Kara trur jordskjelvet kan få fylgjer for presidentvalet i mai.

Istanbul i Tyrkia:

Over 50 000 menneske er så langt rapporterte døde i det store jordskjelvet i Tyrkia og Syria den 6. februar. Journalistar frå både Tyrkia og utlandet strøymde til jordskjelvområdet for å fortelja heile verda om tragedien.

Uniforum møtte to tyrkiske journalistar etter at dei hadde kome tilbake til heimbyen Istanbul, TV-kjendisen Güldenay Sonumut frå Sky News og den litt ynge frilansjournalisten Nida Kara frå Turkey Recap.

Ti dagar etter jordskjelvet i byane i dei søraustlege delane av Tyrkia kunne Güldenay Sonumut endeleg venda tilbake til husværet sitt i Istanbul. Då hadde ho jobba intenst som TV-produsent for Sky News. Uniforum møter henne på eit handlesenter med verdas dyraste luksusvarer.

PLIKT: - Folket i dette området er no blitt overlatne til seg sjølve. Plikta mi er å dra tilbake og fortelja kva som skjer, lovar Güldenay Sonumut.(Foto: Ola Gamst Sæther)

- Teamet mitt hadde lett tilgang til byen Antakya i den jordskjelvramma regionen Hatay. Eg trur det var unntaket. For eg veit om andre som hadde andre opplevingar til dømes i to av nabobyane. Der er folk meir konservative, og vaktene utanfor teltleirane gav ikkje utanlandske journalistar løyve til å snakka med personane som hadde mista familiemedlemar og hus på grunn av jordskjelvet. Dei måtte gå til guvernørkontoret for å få eit formelt løyve til det, fortel ho.

- Vaktene øydela kameraturstyret

Både Güldenay Sonumut og teamet hennar hadde tyrkiske pressekort i jordskjelvområdet, og derfor gjekk det mykje lettare for dei.

- Sidan me hadde nasjonale pressekort, kunne me gjera det me ville. Me fekk meldingar om kvar me kunne intervjua folk og kvar me kunne stå for å senda rapportar på direkten. I Urfa der me var, hadde me gode arbeidsvilkår. I nokre byar opplevde journalistar og fotografar at vaktene øydela kamerautstyret deira. Dei fleste av dei er frilansarar, så om dei mistar ein dag med jobb, taper dei ei daglønn på det. Nokre spør om lov til å filma på gravplassane, og får nei. Andre går rett dit utan løyve, Og så lenge dei ikkje snakkar tyrkisk, har dei også problem med å gjera seg forstått.

Det har vore så mange tilfelle, fortel ho, at presseorganisasjonen Reporterar utan grenser har laga ein eigen rapport om dette. Som døme peikar Sonumut på at nokre stader kravde dei eit eige dokument frå regjeringa med løyve til å dekkja katastrofen, medan andre stader var det fritt fram for å dekkja det du ville.

MISTA ALT: Mange tusen mista både familiemedlemar og hus i jordskjelvkatastrofen i Tyrkia for ein månad sidan. Desse kvinnene ser på korleis redningsmannskap brukar gravemaskiner på leiting etter døde og overlevande. Biletet er tatt i Hatay-provinsen. (Foto: Güldenay Sonumut)

- Finst eit svært sinne

Journalistane opplevde stor skepsis og mistilli

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt