Istanbul, Tyrkia
Den 14. mai skal tyrkarane avgjera om Recep Tayip Erdogan skal halda fram som president i fem år til eller om han skal få avløysing av opposisjonskandidaten Kemal Kilicdarouglu.
Sidan kuppforsøket mot Recep Tayip Erdogan 15.juli 2016, har livet for akademikarar i Tyrkia blitt endå tøffare enn tidlegare. Over 7000 har mista jobbane sine og må livnæra seg utanfor akademia. Til saman har 150 000 offentlege tilsette fått sparken.
Ein månad etter kuppforsøket i 2016 møtte Uniforum dåverande førsteamanuensis Erkan Saka på marknadsføringsstudiet ved det private Istanbul Bilgi University. Den gongen snakka han ope og uredd om regjeringa til president Recip Tayip Erdogan og kuppforsøket den 15. juli og innføringa av unntakstilstanden.
Eitt år seinare møtte me han igjen. Då vedgjekk han at han var blitt forsiktigare me kva han seier, enn det han var eitt år tidlegare.
- Ja, spesielt når eg brukar sosiale media. Då legg eg meiningane mine innanfor ei spesiell ramme utan å seia ting direkte. Grunnen til at eg ikkje har blitt arrestert, kan vera at eg berre er kjent innanfor universitetsmiljøet, sa han til Uniforum i september 2017.
For kort tid sidan møtte me han for tredje gong på Istanbul Bilgi University, som er eigd av det amerikanske selskapet Laureate. Også det tyrkiske selskapet Can Holding er med på eigarsida.
Den første gongen me skulle treffa Erkan Saka kunne me gå rett inn på universitetsområdet utan at vakter ville at me skulle identifisera oss. I 2017 måtte me melda frå ved ein av inngangane kven me skulle møta, og så kom han og henta oss. Denne gongen måtte me gå inn hovudinngangen.
Då var det like strengt å koma inn på universitetet som det er å koma inn i Stortinget i Noreg. Me måtte fortelja kven me skulle møta, og ryggsekken og bagen me bar på, blei gjennomlyste. Vel innanfor kunne me setja oss ned på ein benk på universitetsområdet og venta på Erkan Saka.
- Stor grad av sjølvsensur
Han er framleis i jobben som vitskapleg tilsett ved det private universitetet. Sidan sist me møtte han er han blitt både professor og ein nygift mann.
- Så no er du både lykkeleg og heldig?
- Ja, eg veit ikkje om eg har fortent det, men i nokre år no har eg vore det, ler han under ein samtale med Uniforum på kontoret han deler med ein kvinneleg forskarkollega.
Livet som akademikar ved eit institutt der dei underviser studentane i kommunikasjon, synest han går fint, men det har også sine mindre positive sider.
- Det er ein stor grad av sjølvsensur når det gjeld kva du gjer og ikkje gjer. Det er spesielt tilfelle når det handlar om å laga nyhende, sidan eg forskar på kommunikasjon. Det ligg nært til nyhendeformidling og journalistikken som utan tvil er under press her, og derfor må du vera forsiktig, seier han stille.
- Om me snakkar om akademiske formål, så arbeider eg og har alltid arbeidd mykje digitalt. Dei siste åra har eg sett mykje på dei nye sosiale verktøya som har dukka opp, og eg underviser i tema som inkluderer utvikling av kunstig intelligens og bruken av metaverse (virtuell plattform meint for sosial interaksjon på internett/Red.merknad). Dette området er enno ikkje blitt politisert. Så derfor har eg det bra.