Bondebladet
30.06.2022
Tine skal avvikle osteproduksjonen på Voss frå januar 2023. Det gjer at meieriet blir lagt ned. - Det er ein trist dag for Voss herad, seier Grethe Monica Haug, leiar i Voss bondelag.
- Det å leggje ned eit anlegg er ikkje ein hyggeleg del av jobben og heller ikkje eit mål, snarare tvert om. Men skal vi ha moglegheit til å halde oppe ein desentralisert meieristruktur vidare, krev det at vi tar langsiktige val no, seier konserndirektør for forsyning i Tine, Christian Granlund.
Les merSaka om Tine Voss blei diskutert på styremøtet 24. mai. Styret vedtok då å utsetje saka til 22. juni for å kome dei tilsette på Voss i møte, om ei ekstra høyring på dei siste oppdaterte tala.