AddToAny

- Thorbjørn Jagland har ofra menneskerettane i Tyrkia

- Thorbjørn Jagland har ofra menneskerettane i Tyrkia
- Eg er svært skuffa over generalsekretær Thorbjørn Jagland og Europarådet og behandlinga av brota på menneskerettane i Tyrkia. Etter mi meining har Jagland ofra menneskerettane, seier Erol Önderoglu, leiar for Reporterar utan grenser i Tyrkia.
Denne veka fall dommen over journalistane i avisa Cumhuriyet.

KRITISK JOURNALISTIKK: Alle journalistar som skriv kritisk om regjeringa sin politikk, kan bli skulda for å vera spionar og terroristar, meiner Erol Önderoglu, leiar for Reporterar utan grenser i Tyrkia.

Foto: Ola Sæther

Akademikarar, journalistar og redaktørar blir framleis arresterte og halde fengsla i Tyrkia. Onsdag denne veka dømde ein domstol i Siliviri utanfor Istanbul 14 journalistar og redaksjonsleiarar i opposisjonsavisa Cumhuriyet til fengsel frå fem til sju år. Dei er alle skulda for å støtta og vera allierte med ein terrororganisasjon som dei sjølve ikkje er medlemar i, nemleg Gülen-rørsla. Det er organisasjonen som blir leidd av Fehullah Gülen, som president Recep Tayyip Erdogan meiner stod bak kuppforsøket mot han den 15. juli 2016.

Tidslinje for situasjonen for akademikarar og pressefolk i Tyrkia:

11. januar 2016: Academics for Peace publiserer kravet om stans i krigshandlingane i dei kurdiske områda og at partane startar fredsforhandlingar.

Februar 2016: Dei første akademikarane får sparken eller blir arresterte for å ha skrive under på kravet frå Academics for Peace.

15. juli 2016: Kuppforsøk mot president Recip Tayyip Erdogan. Mange hundre soldatar og sivile blir drepne.

16. juli 2016: Presidenten startar arrestasjonar av akademikarar, juristar og andre som han skuldar for å sympatisera med Fethullah Gülen.

23. juli 2016: 15 universitet som skal vera finansierte av Gülen-rørsla blir stengde av styresmaktene.

17 000 tilsette innanfor høgare utdanning mista jobbane sine fram til september 2016.

2017: Over 100 000 akademikarar, juristar, journalistar og byråkratar har mista jobbane sine.

2018: 16. februar: Den tysk-tyrkiske journalisten Deniz Yüsel blei sett fri etter 11 månader i fengsel. Mehmet Altans fengselsdom blei oppretthalden av ein lågare rett.

2018: 25. april: 14 journalistar og redaksjonsleiarar i Cumhuryiet blei dømde til lange fengselsstraffer skulda for å "ha hjelpt ein terrororganisasjon dei ikkje er medlemar i."

- Inga straff kan stansa oss frå å driva med journalistikk. Om naudsynt, vil me gå i fengsel igjen, men me vil halda fram med å utføra ærleg og god journalistikk, sa ansvarleg redaktør Murat Sabuncu etter å ha blitt dømt til fengsel i sju år og seks månader, skriv The Guar

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt