Gruppa jobbar for tida saman med eit teknologiselskap for å utvikle metodar for analyse som kan gje meir informasjon enn det som er mogleg i dag.
Før lunsj hadde meir enn mange nok meld seg til teneste.
- Det var litt overraskande, seier professor Trine B. Haugen, som er leiar for forskingsgruppa.
Etter å ha arbeidd med mange befolkningsstudiar opp gjennom åra, der det har vore behov for deltakarar eller donorar, veit Haugen at det ikkje alltid er lett å få folk med på laget. Det er ikkje så mange prøvene dette metodeprosjektet har hatt bruk for i første omgang. Likevel var det først vanskeleg å få nok sæd i hus.
Sædvane
- Dette «feltet» er nok fortsatt litt tabubelagt generelt, særleg hos den eldre garde. Det er mykje vanskelegare å