Uniforum
26.01.2023
Tyrkia vil enno ikkje godkjenna Sverige som NATO-medlem. - Sverige håpar likevel å møta Tyrkia også som leiar av EU-formannskapet, seier Sveriges ambassadør Cecilia Björner.
Denne veka gjorde Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan det klart at landet framleis ikkje vil godkjenna Sverige som ny medlem i NATO. Den kategoriske avvisinga kom etter at først kurdiske aktivistar hadde hengt opp ei dokke som framstilte han i Stockholm, seinare blei den episoden fylgd opp av koranbrenning framfor den tyrkiske ambassaden. Det har ført til protestar mot Sverige, ikkje berre i Tyrkia, men også i Irak og i Egypt.
Les merI går var Sveriges ambassadør til Noreg, Cecilie Bjørner på besøk på Institutt for statsvitskap ved Universitetet i Oslo. Dei frammøtte var studentar og førelesarar i det engelskspråklege emnet «Politics in the European Union».
- Tvilar på noko nytt før etter presidentvalet i Tyrkia
Først og fremst skulle ambassadøren fortelja om visjonane Sverige har for det halve året det skal ha EU-formannskapet og vera leiar for EU-rådet. Men det sure forholdet mellom Sverige og