Tidlegare i ettermiddag kom det signal om at iranske styresmakter kan koma til å utsetja avrettinga, melder Dagens Nyheter.
- Dei (Djalalis forsvararar) har bede om at avrettinga skal gjennomførast på eit anna tidspunkt, seier talspersonen Saeed Khatibzadeh på eit pressemøte, melder Dagens Nyheter.
- Det er under overveging. Domstolen kjem til å sjå nærare på saka, seier talspersonen.
Det var i april 2016 den svensk-iranske legen og forskaren Ahmadreza Djalali blei arrestert medan han var i Iran for å leia eit kurs i katastrofemedisin. Året etter, i 2017, blei han dømt til døden skulda for spionasje. Denne veka, den 21. mai, skal han avrettast, ifylgje Dagens Nyheter, som har iranske styresmakter som kjelde.
- Vil kvela det internasjonale samarbeidet med Iran over generasjonar
Ahmadreza Djalali fekk ei forskarstilling ved Karolinska Institutet i 2008, og han tok doktorgraden i katastrofemedisin same staden i 2012.
Rektor Ole Petter Ottersen ved Karolinska Institutet er rysta over at Iran no har bestemt seg for å avretta Djalalai den 21. mai.
OVER GENERASJONAR: - Om dødsstraffa vert iverksett vil dette kvela det internasjonale samarbeidet med Iran over generasjonar - ikkje berre innan forsking, men også innan andre område, understrekar Ole Petter Ottersen, rektor ved Karolinska Institutet. (Arkivfoto: Ola Gamst Sæther)
- Forskarsamfunnet har jo kontinuerleg stått opp for Djalali og alle kanalar må no brukast for å forhindra at eit brutalt overgrep mot ein forskar, ein familiefar og hans familie blir endå meir brutalt! Om dødsstraffa no vert iverksett vil dette stå for ettertida som eit av dei mest alvor