Ein stolt direktør Tore Rem var også svært nøgd med valet av lokalet.
- Og for ein stad dette er. For sist eg var her, slo det meg jo at me er kringsette av stortingsforhandlingar i alle hyllene, peika han på.
Tore Rem vedgjekk at både han og dei andre medarbeidarane i UiO: Demokrati er spente på kva som ligg føre dei.
ANSVARET: - Med denne satsinga ynskjer UiO å tydeleggjera at det tar sin del av ansvaret for å forstå tilstanden til demokratiet og vedlikehalda og fornya det, understreka direktør Tore Rem i UiO:Demokrati. (Foto: Martin Toft)
- Samfunnet står overfor store utfordringar. Det gjer også demokratiet, både globalt og nasjonalt. Og det skjer trass i at me bur i eit av kloden sine mest velfungerande samfunn. Alle er einige om at demokratiet er eit ideal, og i si reinaste form er det sjølvsagt uoppnåeleg, minna han om.
- Det vil seia at det er praksis som kan fornyast og forbetrast. Med denne satsinga ynskjer UiO å tydeleggjera at det tar sin del av ansvaret for å forstå tilstanden til demokrati


































































































