BUSKAP
31.01.2020
Hjå Hermund Prestegård i Luster kommune har kalvane fri tilgang på bakterielt syrna mjølk fram til dei er om lag seks veker. Han legg svært godt til rette for at kalvane skal få ein god start i livet, og dette lønnar seg i form av friske, trivelege kalvar som veks godt.
I tillegg til god lønsemd, er det også veldig triveleg å stella kalvane når dei held seg friske. Med ein god start vert grunnlaget lagt for ein god produksjon innan både mjølk og kjøt seinare i livet. Hermund Prestgård har lausdrift som var ferdig i 1987, og han overtok garden etter foreldra sine i 2010, berre 18 år gammal.
Sikrar rask råmjølktildeling
Når Hermund ser at ei ku nærmar seg kalving, tek han ho over i kalvingsbingen der han har rikeleg med halm slik at det er tørt og reint der kalven vert fødd. - Eg har stor sans for halm, og brukar rikeleg med halm på underlaget i kalvingsbingen og hjå kalvane så lenge dei er små, seier den unge bonden. - Viss kua er interessert i kalven, sleikjer ho han tørr, og kalven får suga mjølk. For å sikra god og rask råmjølkstildeling, mjølkar eg alltid kua og gir kalven så mykje råmjølk den vil ha, alle får mimumum to liter frå flaske rett etter fødsel, fortel Hermund vidare.
Viss kua har lite råmjølk eller at mjølka ikkje er brukande av andre grunnar, har Hermund alltid råmjølk i reserve i frysaren slik at alle kalvar er sikra god råmjølkstilgang rett et
Gå til medietSikrar rask råmjølktildeling