Khrono
29.05.2021
Ruth Grung (Ap) tek den sjukmelde studenten Thomas Hellevang si sak opp i eit skriftleg spørsmål til arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen. - Eg forventar at han svarar så tydeleg som han kan, seier Grung.
Khrono skreiv om Thomas Hellevang i april i år: Han vart sjuk då han jobba som kokk på båt i utanriksfart. Heime i Noreg takka han ja til ein planlagt studieplass, men det viste seg at sjukdomshistoria ikkje var over. Hellevang måtte avbryta studia, og vart sjukmeld. Men fordi det siste han gjorde før han gjekk til legen var å vera student, ikkje arbeidstakar, har han ikkje krav på sjukepengar.
Les merBåde Ruth Grung (Ap) og Ove Trellevik (H) har engasjert seg i saka. Målet var å løysa saka på lågast mogleg nivå, men no ser dei at det ikkje er mogleg. Grung har difor teke opp saka i eit skriftleg spørsmål til arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen.
- Alle lagnadar er ikkje A4, skriv Grung.
Fire ulike instansar
- Det er sprøtt at ein må til Stortinget for å løysa ei Nav-sak, seier Hellevang tørt.
Han fortel at han sidan Khrono møtte han i Samnanger, der