Khrono
24.08.2019
Heretter må førelesarane oppgi særlege grunnar dersom dei vil filme undervisninga si. 968 personer har så langt signert studentoppropet for å få tilbake filminga.
Videofilming av førelesingar har vore eit diskusjonstema på Norges handelshøyskole i langt tid. Ei intern utgreiing av spørsmålet konkluderte ikkje klart. Men i løpet av ferien har utdanningsinstitusjonen snudd, slik at videofilming av førelesingar på bachelor-studiet berre blir gjort i særlege tilfelle, men det tidlegare var motsett. Heretter må førelesarane oppgi særlege grunnar dersom dei vil filme undervisninga si.
Les merNegativt for studentane
Så langt har nær 1000 av dei 3500 studentane protestert mot video-kuttet.
- Vi fekk eit par drypp før sommaren om at å snu bevisbyrden kunne vere ei løysing. Men vi fekk ikkje vite at ei avgjerd var tatt, fortel fagpolitisk ansvarleg Jonas P. Ludvigsen i Norges Handelshøyskoles Studentforening.
Studentane ser på endringa som svært negativ for dei.
- Dette handlar mellom anna om fleksibiliteten i studiet. Mange fag er