Då HVL måndag skulle ta imot nye studentar i Haugesund, var det mange pultar som stod tomme. Årsak: Alle studentane utanfor EU/EØS, 40 i talet, har fått avslag på visumsøknaden.
- Dette har me aldri opplevd før. Me har hatt dette programmet sidan 2017, og det har vore organisert på same måten alle åra, seier prorektor for utdanning ved HVL, Anne Grethe Naustdal.
Meiner studentane kan reisa fram og tilbake
Studiet vert på høgskulen si heimeside presentert som samlingsbasert. Det betyr ikkje at det er eit deltidsstudium, seier Naustdal, men at undervisninga er i bolkar, med periodar til eigenstudium mellom. Arbeidsmengda er rekna til førti timar i veka.
Prorektoren viser til at stipendiatar har det på same måten. Dei har heller ikkje undervisning el


































































































