Uniforum
09.06.2023
Berre Raudt, Venstre, Miljøpartiet Dei grøne og Kristeleg Folkeparti stemte imot innføring av studieavgifter for studentar frå land utanfor EØS og Sveits, då saka blei endeleg vedtatt av Stortinget i dag.
På Stortinget var det eit massivt fleirtal av representantane som stemte for å innføra studieavgifter for studentar frå land utanfor EØS og Sveits. Etter at fleire forslag frå SV om mindre endringar i innstillinga, fall mot 11 og 12 stemmer, enda også SVs representantar med å stemma for den endelege innstillinga frå Utdannings- og forskingskomiteen.
Les merNorsk studentorganisasjon sin kamp mot studieavgifter fekk dermed ikkje gjennomslag i Stortinget i dag. Tidlegare denne veka kalla NSO-leiar Maika Marie Godal Dam innstillinga frå Utdannings- og forskingskomiteen for ei gravlegging av gratisprinsippet.
"- Dette er et svik fra mange hold! Regjeringen og flertallet i Stortinget har nektet å lytte til hvilke konsekvenser dette vil ha for studentene og for høyere utdanning i Norge. Vi hadde forventet langt mer fra våre øverste folkevalgte, sa ho i ei pressemelding frå Norsk studentorganisasjon.
Fleirtal på 87 representantar
Til saman stemte 87 representantar frå Arbeidarpartiet, Høgr