AddToAny

Sten Ludvigsen: - Relativ autonomi ved UiO

Sten Ludvigsen: - Relativ autonomi ved UiO
- Reint empirisk er det relativ autonomi ved UiO. Å snakka om fullstendig autonomi er tilslørande av dagens situasjon. Det sa UV-dekan Sten Ludvigsen i debatten som i går starta Strategiveka ved UiO.
Rundt 120 personar hadde funne vegen til Auditorium 1 i Georg Sverdrups hus i går for å få med seg rapportane frå tankesmiene og andre innspel til Strategi 2030. I tillegg til rapportane frå dei tre tankesmiene Tunge trendar, UiO sett utanfrå og Kopla forsking og utdanning, var det kome inn 50 innspel då fristen gjekk ut rett før påske.

Etter at tankesmieleiarane hadde presentert rapportane og prorektor Gro Bjørnerud Mo hadde gitt eit kort resymé av dei andre innspela, blei det debatt mellom universitetsleiarar og ein studentleiar om korleis statusen til Universitetet i Oslo er i dag og korleis UiO bør stå fram både innanfor og utanfor akademia.

Dekan Sten Ludvigsen ved Det utdanningsvitskaplege fakultetet meinte at omgrepet autonomi ikkje var heilt korrekt når det gjeld situasjonen til Universitetet i Oslo.

- Reint empirisk er det relativ autonomi ved UiO. Å snakka om fullstendig autonomi er tilslørande av dagens situasjon. Eg vil sjå eit levande universitet med store meiningsskilnader, sa han i debatten.

Han fekk svar på tiltale frå direktør Sidsel Roalkvam ved Senter for utvikling og miljø (SUM).

- Det viktigaste er at me utforskar vår eigenart. Og kor reell er den akademiske fridomen. Når folk snakkar om den, så er det fordi dei føler at noko er på spel. Relativ autonomi, kva er det? Eg arbeider på eit senter som jobbar tett med politikk, og derfor er det viktig å visa fram vår eigenart. Me må passa på at den ikkje går dukken, var åtvaringa ho kom med. Sten Ludvigsen stod likevel fast på omgrepet relativ autonomi.

- Me må prata om relativt autonomi for UiO står i intenst samspel med andre institusjonar som forskingsråd eller EU. Relativ autonomi er eit betre omgrep for å forstå det me held på med. Me må halda på med det langsiktige og ikkje kasta oss på nye bylgjer, meinte han.

DEBATTERTE STRATEGI 2030: Desse deltok i debattten om Strategi 2030 då Strategiveka ved UiO blei sparka i gang i går: F.v. Vebjørn Bakken, UiO-Energi, Susann

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt