Det var den 5. januar i år Uniforum først kunne melda at Oslo kommune hadde sagt nei til å reisa namnesak for Oslo Science City. Språkdirektør Åse Wetås reagerte med å varsla at ho ville sparka ballen vidare til byrådsleiar Raymond Johansen. Det har ho no gjort gjennom eit brev Språkrådet sende til byrådsleiaren i Oslo fredag 13. januar.
I brevet seier Språkrådet seg glade for at byrådsavdelinga for kultur, idrett og folkehelse i eit brev til Språkrådet den 5. desember avklarte at det aktuelle området som Oslo Science City omfattar «ikke skal gis egen navnsetting» samtidig som kommunen heller «ikke vil foreslå endring i navnet på medlemsforeningen «Oslo Science City»». Byrådsavdelinga understrekar at Oslo Science City ikkje er ein bydel, men berre namnet på ei medlemsforeining med aktørar som skal samarbeida og utvikla området til eit innovasjonsdistrikt.
I brevet viser språkdirektøren til at de