Sykepleien
08.12.2016
Eg gjesta mitt første landsmøte i Norsk Sjukepleiarforbund i 1989. Sidan den gongen har sjukepleiarane fasinert meg. Eller, det er helst sjukepleiaryrket som fasinerer.
På den eine sida finst det knapt ein fagorganisasjon som er meir sentralstyrt enn NSF. Direktiva frå hovudkvarteret når raskt ut til det minste pauserom. Og sjukepleiarar finst i kvar by og bygd - heldigvis.
På den andre sida er det neppe ei yrkesgruppe som diskuterer seg sjølv meir intenst - oftast med seg sjølv. Eg hugsar at eg i helsingstalen til landsmøtet i 1989 kommenterte: Der det er to sjukepleiarar samla - høyrer du minst tre, kanskje fire meiningar, om same sak. Delegatane lo, og var visst sjølvironisk einige.
Frå skrivepulten min ser eg bort på NSF sitt historieverk. «100 år i kamp for kvalitet i sykepleietjensten», er overskrifta til forordet. Og i sanning - det har vore ein ærerik kamp mot og med mange.
Gå til medietPå den andre sida er det neppe ei yrkesgruppe som diskuterer seg sjølv meir intenst - oftast med seg sjølv. Eg hugsar at eg i helsingstalen til landsmøtet i 1989 kommenterte: Der det er to sjukepleiarar samla - høyrer du minst tre, kanskje fire meiningar, om same sak. Delegatane lo, og var visst sjølvironisk einige.
Frå skrivepulten min ser eg bort på NSF sitt historieverk. «100 år i kamp for kvalitet i sykepleietjensten», er overskrifta til forordet. Og i sanning - det har vore ein ærerik kamp mot og med mange.


































































































