Språk er avgjerande for å lære fag, for å bruke fag og for å uttrykkje kritisk tenking. Språket er arbeidsverktøyet og tankereiskapen i alle fag. Då er det eit paradoks at universiteta og høgskulane i så liten grad vektlegg språk som integrert del av utdanninga dei tilbyr.
Vi meiner at universitets- og høgskulesektoren må få på plass ei stabil insentivordning for å få laga termlister på engelsk og norsk i alle fag. Desse termlistene må helst vere felles nasjonale lister. Åse Wetås og Håkon R. Mikalsen Språkdirektør og studentleiar
Tenk deg at du er fersk student. Du skal til med aller første økt i eit nytt og krevjande fag, til dømes fysikk eller biologi. Du er særs motivert, men når økta startar, merkar du at førelesaren nyttar eit språk du rett og slett ikkje maktar å følgje med på.
Møtet med akademia kan på mange måtar vere tøft for nye studentar. Språket som vert nytta i undervisinga det første året, bør vere ein invitasjon til faget og fagfellesskapen, ikkje ein mur som hindrar god fagleg integrering. Språket bør med andre or

































































































