AddToAny

Sosialarbeidarar og skjøn - fagleg fridom i yrkesutøvinga?

Sosialarbeidarar og skjøn - fagleg fridom i yrkesutøvinga?
Dei siste årtia har det pågått ein debatt om skjønsutøvinga sine vilkår innan sosialt arbeid under New Public Management.
New Public Management har vore kjenneteikna av at styresmaktene ønskjer å effektivisere tenesteproduksjonen gjennom sterke former for styring og kontroll. I artikkelen vert to posisjonar i den faglege debatten undersøkte - ein som oppfattar skjønsutøvinga som sterkt redusert og ein som oppfattar at bakkebyråkratane innan sosialt arbeid framleis har høve til å utøve stor grad av skjønsutøving. Artikkelen, som baserer seg på ein survey av sosialarbeidarar (sosionomar, barnevernspedagogar og vernepleiarar) innan ulike arbeidskontekstar - Nav, barnevern og psykisk helsevern, konkluderer med at bakkebyråkratane oppfattar å ha gode høve for utøving av fagleg skjøn.

Det er ei utbreidd oppfatning at skjønsutøving er kjernen i profesjonelt arbeid (Molander, 2013). Å bruke skjøn inneber å omsetje felles handlingsreglar til einskildsaker på ein måte som ikkje kan skje heilt mekanisk (Grimen & Molander, 2008). I følgje Lipsky kan difor profesjonsgrupper i velferdsstaten sjåast som bakkebyråkratar. Gjennom sine skjønsbaserte avgjersler fordeler dei offentlege gode og byrder og former den offentlege politikken (Lipsky, 1980, 2010).

I denne artikkelen undersøkjer vi empirisk høvet som sosialarbeidarane har til å bruke profesjonelt skjøn i arbeidet sitt, slik dei sjølve vurderer det. Svara til sosialarbeidarane ser vi i samanheng med profesjons- og arbeidstilknytinga deira. Teoretisk ønskjer vi å bidra i ein fagleg debatt om relevansen av teorien om bakkebyråkratiet. Vi er særleg interesserte i korleis rommet for skjøn artar seg under den noverande styringsordninga sosialarbeidarane er underlagde, New Public Management (forkorta til NPM).

Lipsky (1980; 2010) undersøkte kva som særmerker bakkebyråkratane. For Lipsky er spenninga mellom mål og effektivitetskrav frå styresmaktene, og ønsket om å sjå den enkelte sine utfordringar og behov, eit fellestrekk i utøvinga av yrkesrolla hjå sosialarbeidarar, politi og lærarar. Skjønsutøving inneber å fortolke handlingsreglar, rasjonelle føringar og normative vurderingar for å ta avgjersler i einskildsaker (Grimen & Molander, 2008). Ein sentral tese hos Lipsky er at bakkebyråkratar har stort høve til å utføre arbeidet basert på skjønsprega avgjersler. I norsk kontekst gjeld dette mellom anna for sosionomar, barnevernspedagogar og vernepleiarar.

Dersom rommet for skjøn vert vesentleg redusert, fell ein viktig premiss for teorien. Fleire teoretikarar har hevda at reformene under NPM har endra profesjonsrolla. Dermed har skjønsbruken og den faglege autonomien vorte redusert og sosialarbeidarane har vorte mindre kreative og meir disiplinerte (Howe, 1991; Jones, 2001; Røysum, 2010; Jessen & Tufte, 2014; Ekeland, 2015). NPM er ei internasjonal reformbølgje for modernisering av offentleg sektor, der ny-liberalistiske idear om effektivisering står sentralt (Olsen, 1988; Djupvik & Eikås, 2016). I Noreg kan ein truleg tidfeste introduksjonen av NPM-baserte styringsformer til slutten av 1980 åra. Då kom det såkalla Hermannsen-utvalet med ei offentleg utgreiing som hadde tittelen En bedre organisert stat (NOU:1989:5). I følgje Lægreid (1997) var det sterk institusjonell motstand i sentralforvaltinga mot endringar basert på NPM, noko som medførde at NPM-baserte reformar fekk avgrensa gjennomslag. Men på kommunenivået skjedde dette raskare og hadde også eit større omfang (Djupvik & Eikås 2016). Den faglege diskusjonen om kor vidt NPM snevrar inn høvet til skjønsbruk eller at sosialarbeidarane opplever dei har rikeleg rom for fagleg skjønsbruk, utgjer bakteppet for studien vår. Det vi undersøkjer, er i kva grad sosialarbeidarar i dagens situasjon, under NPM, opplever at dei har rom for skjøn. Det nye i vårt bidrag er at vi samanliknar korleis ulike grupper av sosialarbeidarar opplever sin eigen skjønsbruk og faglege autonomi.

Artikkelen baserer seg på ei surveyundersøking gjennomført hausten 2014, der vi har kartlagt sosialarbeidarane sine vurderingar av arbeidsvilkåra slik dei opplevde det på det tidspunktet. Respondentane (vel 2000) var FO sine medlemer i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Vi presiserer at vi er opptekne av det overordna temaet profesjonar og skjøn i ein kontekst der ulike sider ved NPM har vore ein dominerande styringsstrategi i offentleg sektor. Vi studerer sosionomar, barnevernspedagogar og vernepleiarar. Truleg vil det vere variasjonar innanfor ulike yrkesgrupper når det gjeld korleis styringsendringane vert opplevde. Det vi i vårt materiale har høve til å undersøke, er opplevingane til bakkebyråkratar i Nav, barnevernet og innan rehabilitering og psykisk helse. Vår problemstilling kan samanfattast i følgjande hovudspørsmål: Korleis vurderer sosialarbeidarane samla, og ulike grupper av sosialarbeidarar, høvet til å utøve fagleg skjøn i det daglege arbeidet? Datamaterialet gjev oss høve til å diskutere dette spørsmålet med omsyn til mulige endringar over tid. Men spørsmåla i surveyen innheld ingen direkte koplingar til NPM.

NPM og skjønsutøving - to posisjonar i den faglege debatten

Velferdsstatsreformer som til dømes innsatsfinansierte sjukehustenester (1997), organisering av statlege helseføretak (2002), opprettinga av Nav (2006) og samhandlingsreforma (2012), er alle døme på reformer som er iverksett under påverknad frå NPM (Halvorsen, Stjernø & Øverbye, 2013). Korleis NPM kan ha verka inn på høvet for utøving av skjøn i sosialt arbeid, kan knytast til to ulike posisjonar. Den eine hevdar at skjønsutøvinga vert sterkt redusert eller jamvel fjerna. Den andre viser til at bakkebyråkratia framleis har høve til å utøve skjøn.

Skjønsutøving og autonomi i fare

I denne første posisjonen vert NPM oppfatta som eit trugsmål mot den faglege autonomien til profesjonsutøvaren. Denne posisjonen har røter tilbake til tidlig organisasjonsteori der det var vanleg å oppfatte organisasjonar som rasjonelle «maskinar» med felles forståtte og aksepterte mål. Organisasjonen vart styrt gjennom ein velsmurt formell organisasjonsstruktur, og leiinga sine initiativ og synsmåtar får direkte og programmert verknad nedover i hierarkiet (Taylor, 1911; Weber, 1971; Mintzberg, 1979). Teoribidraga representerer eit instrumentelt syn på styring og endring av organisasjonar (jf. Eriksen, 1999; Irgens, 2011).

Denne posisjonen rommar i den nyare faglege debatten kritisk orienterte akademikarar, forskarar og forkjemparar for profesjonane sine interesser. Dei kan kombinere skepsis til NPM-reformer med forståing av organisasjonar som rasjonelle maskiner der ein uheldig velferdsreform får negative verknadar både for profesjonane og brukarane av tenestene.

I Storbritannia har forfattarar som Howe (1991) og Jones (2001) ut frå eit slikt hovudperspektiv hevda at NPM betyr meir byråkratisk kontroll, der sosialarbeidarane har redusert høve til å utøve profesjonelt skjøn. Innanfor fleire felt har britiske forskarar konkludert med at NPM snevrar inn handlingsrommet for sosialarbeidaren sitt profesjonelle skjøn, til dømes i kriminalomsorga (Banks, 2009, 2011) og i barnevernet (Munro, 2011; White, Wastell, Broadhurst & Hall, 2010).

Det norske barnevernet er også under innverknad av NPM, slik somme forskarar vurderer det (Nordstoga & Støkken, 2009). Eit døme er auka krav om meir effektivt og evidensbasert barnevern. Gautun (2009) oppfattar press frå andre delar av barnevernssystemet om å nytte spesifikke metodar som multisystemisk terapi (MST) og Parent Management Training - Oregon (PMTO) som ei reell innskrenking og overprøving av skjønsutøvinga lokalt med omsyn til kva tiltak brukarane kan ha behov for og kva barnevernet skal tilby. Barnevernsstatistikk viser likevel at desse to metodane blir nytta i svært liten grad (Statistisk Sentralbyrå, 2018).

I den norske konteksten har det også vorte studert kva som skjer med sosialt arbeid under NPM. Røysum (2010) peikar på at sosialarbeidarar «møter dilemmaer i Nav-systemets krav om å standardisere arbeidet kontra sosialt arbeids vekt på individuell tilrettelegging» (Røysum, 2010, s. 46). Dean (2008) kan også knytast til denne posisjonen sidan han ser for seg at statleg styring har sterk innverknad på kva bakkebyråkratane gjer i det daglege arbeidet. I Noreg er Ekeland (2015) eit døme på det same. Sett i dette perspektivet opplever sosialarbeidarar ei indirekte styring som inkluderer overvaking, dokumentasjon og kontroll av praksis.

Skjønsutøving og autonomi som vedvarande trekk ved yrkesutøving

Den andre posisjonen har vi kalla skjønsutøving og autonomi som vedvarande trekk ved yrkesutøvinga. I denne posisjonen er det ikkje nødvendigvis ei opplevd motsetning mellom fagleg autonomi og rom for skjøn i profesjonsrolla og meir politisk og administrativ styring. Forfattarar innanfor denne posisjonen oppfattar det knappast som mogleg å eliminere skjønsutøving og autonomi i bakkebyråkratia (Brodkin, 2007), sjølv om styresmaktene kan ha intensjonar om å styre bakkebyråkratane (sjå m.a. Evetts, 2002; Evans & Harris, 2004; Dubois, 2010; Hupe, 2013).

Denne posisjonen er forankra i eit syn på organisasjonar som naturlege system og multiaktørsystem (Scott & Davies, 2007). Ein ser organisasjonar som samansette av grupper med ulike og vage mål, der styring av organisasjonen frå toppen av det formelle organisasjonshierarkiet

Les mer

Flere saker fra Fontene forskning

Medvirkning er et begrep flittig brukt i både festtaler og lovverk, men fortsatt opplever mennesker i møte med velferdsstaten å bli snakket til, ikke med. Hvorfor er det så vanskelig?
Fontene forskning 14.12.2023
Hensikten med denne artikkelen er å bidra med kunnskap om hvordan gård-skole-tilbud kan legge til rette for personlig utvikling og yrkesvalg for elever med faglige og/eller sosiale vansker på ungdomstrinnet. Artikkelen bygger på kvalitative telefonintervjuer med ti ungdommer i alderen 16-18 år som hadde et slikt tilbud da de gikk på 9. og 10. trinn.
Fontene forskning 14.12.2023
Boka handler om det som i fagsjargongen i barnevernet kalles ettervern, selv om slikt «vern» i lovverket nå omtales som Hjelpetiltak til ungdom over 18 år (§ 3-6).
Fontene forskning 14.12.2023
? «CHILDREN WITH DISABILITIES and UN rights conventions» er et partnerskapsbasert prosjekt for gjensidig utveksling mellom Norge og Tanzania.
Fontene forskning 14.12.2023
Artikkelens tema er betraktninger rundt det å flytte ut av foreldrehjemmet som ung voksen med en utviklingshemming. Informantene er åtte unge voksne med Downs syndrom og 25 foreldre, og artikkelen har en kvalitativ tilnærming med intervjuer og tematisk analyse. Funnene avdekker ulike posisjoner mellom foreldre og unge voksne når det gjelder ønsker og behov knyttet til å bo utenfor foreldrehjemmet.
Fontene forskning 14.12.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt