Den norske tannlegeforenings Tidende
15.06.2017
Av tannlege Johnny Grøthe Sommarsolsnu 21. juni vart i gamle dagar feira som midtsommarblot.
Mykje av tradisjonane omkring sommarsolsnu er smelta saman med jonsokkvelden og jonsokdagen (jønsøk i hallingdialekt) som har ei sol som primstavmerke. Jonsok eller Jons-vok (også kalla St. Hans) har sitt namn etter apostelen Johannes som fekk sin fødedag lagt til denne dagen, eit halvt år før fødedagen til Jesus. Ordsammansettinga med vok kjem av vaka, halde våkenatt. På denne lysaste dagen i året var alle hekser og vonde vette ute. Ein skulle ikkje leggja seg jonsoknatta. Ville ein likevel gjera det, skulle det vera på låven eller i ei lauvhytte. Jonsoknatta vert enno feira med bål og eld. Tradisjonane knytta til jonsok er meir av det folkelege og førkristelege slaget enn kyrkjelege. Den sterke folkelege feiringa irriterte pietistiske krefter på 1700-talet så mykje at dagen vart prøvd avskaffa som
Les mer


































































































