Føreslår ekstern styreleiar for UiO: Livsvitskap
For opne dører skal universitetsstyret ta stilling til eit forslag om å ha ekstern styreleiar for styret for UiO: Livsvitskap. Samtidig skal styret også bestemma om UiO: Livsvitskap skal få eit eige rådgjevande organ, eit såkalla "Scientific Advisory Board" (SAB).
Ny pris for yngre forskarar
På bordet får også styret eit forslag om å oppretta ein ny UiO-pris. Det blir ein pris som skal gå til yngre forskarar som har utmerka seg med framifrå forsking. Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe ber også styret vedta eit forslag om å redusera talet på medlemar i priskomiteen frå sju til fire. Grunngjevinga er at dette skal forenkla og kvalitetssikra arbeidet frå n

































































































