Den norske tannlegeforenings Tidende
14.04.2022
Forskarlinjeprosjektet mitt handlar om immuncellegrupper og signalvegar i primær Sjögrens syndrom (pSS), og er utført ved Laboratorium for oral
... patologi ved Haukeland Universitetssjukehus og Broegelmanns Forskingslaboratorium, med professor Kathrine Skarstein som hovudrettleiar og professor Silke Appel som medrettleiar. pSS er ein kronisk inflammatorisk bindevevssjukdom kor fysiologisk sekresjon frå eksokrine kjertlar i kroppen blir svekka, mellom anna spytt- og tårekjertlane. Symptoma består av munntørrleik, karies og orale soppinfeksjonar som skuldast dysbiotiske endringar i det mikrobielle miljøet i munnhola. Hos enkelte pasientar kan sjukdomen avansere til ein lymfekreft, til dømes Non-Hodgkins B-celle lymfom kor betente og opphovna spyttkjertlar kan vere tidlege signal.
Det er naudsynt å skilje mellom pasientar med diagnosen pSS og andre pasientar som lid av tørrleik i munnen og auga. For å stille ein sikker diagnose blir det teke ein vevsprøve eller biopsi med fire til seks små spyttkjertlar. Desse kjertlane blir fikserte, støypte i parafin, snitta og farga for å undersøkje vevet i mikroskop. Her kan ein ofte sjå tettpakka samlingar av mononukleære inflammasjonsceller. Når ei samling består av minimum 50 slike celler innanfor elles normalt spyttkjertelvev, blir ho kall
Gå til medietDet er naudsynt å skilje mellom pasientar med diagnosen pSS og andre pasientar som lid av tørrleik i munnen og auga. For å stille ein sikker diagnose blir det teke ein vevsprøve eller biopsi med fire til seks små spyttkjertlar. Desse kjertlane blir fikserte, støypte i parafin, snitta og farga for å undersøkje vevet i mikroskop. Her kan ein ofte sjå tettpakka samlingar av mononukleære inflammasjonsceller. Når ei samling består av minimum 50 slike celler innanfor elles normalt spyttkjertelvev, blir ho kall


































































































