Uniforum
03.12.2019
Strategi 2030 skal diskuterast for opne dører. Det vedtok universitetsstyret rett etter at møtet starta klokka 10.00 i dag. Først blir det diskusjon om klimagassutsleppa frå UiO.
Tidlegare i haust avgjorde UiO-leiinga at det endelege vedtaket om Strategi 2030 skal utsetjast frå 3. desember til februar neste år. Men strategien kjem likevel opp som ei diskusjonssak i seminardelen på møtet i universitetsstyret førstkomande tysdag. Som Uniforum tidlegare har skrive, skal den diskusjonen gå føre seg bak stengde dører. Det einaste som kan endra på det, er at styret sjølv bestemmer seg for likevel å opna dørene.
Les merFørst ut i seminardelen i dag er ein diskusjon om klimagassutsleppa frå UiO.
Etter planen skal den endelege handlingsplanen for å redusera klimagassavtrykket til UiO vedtakast av universitetsstyret på møtet i juni.
I det utkastet til tiltaksplan for klimagassreduksjon som no er klart, finst det fleire konkrete forslag til kva som må til. Innanfor bygg og eigedom og energi skal UiO mellom anna sikra maksimal grad av energieffektive løysingar både i dei bygningane som er i bruk i dag og i nye byggjeprosjekt.
Universitetsstyret skal også bestemma kven som skal få jobben som direktør for Kulturh