AddToAny

SEKSUELL RÅDGJEVING ETTER HJARTEINFARKT

SEKSUELL RÅDGJEVING ETTER HJARTEINFARKT
Seksualitet er ein viktig del av det å vere menneske. Verdas helseorganisasjon (WHO) definerer seksuell helse som ein tilstand av fysisk, psykisk, kjenslemessig og sosialt velvære når det gjeld seksualitet.
Seksuell helse er ikkje berre fråvær av sjukdom, funksjonssvikt eller manglande helse (1, 2). Seksualitet blir påverka av sjukdom, dysfunksjon og funksjonsnedsettingar og handlar ikkje berre om seksuell aktivitet slik som samleie, men òg om nærleik, berøring, intimitet og kjærteikn.

Til tross for at seksualiteten blir påverka, kan likevel seksuelt velvære opplevast (3, 4). Seksuell helse handlar om livskvalitet og personlege relasjonar. I mange tilfelle overser ein dei positive funksjonane seksualitet kan ha på livskvalitet. Målet om ei god seksuell helse inneber at alle menneske skal ha like moglegheiter, rettigheiter og føresetnadar for å få bekrefta sin eigen seksualitet og bestemme over eigen kropp (5).



SEKSUELL HELSE

Frekvensen av erektil dysfunksjon hos menn og seksuell dysfunksjon hos kvinner med hjartesjukdom er dobbelt så høg som hos normalbefolkninga (6). Slik dysfunksjon kan vere tidleg teikn på hjartesjukdom som kan vise seg eitt til tre år før ei hjartehending (7). Seksuell aktivitet blir assosiert med auka risiko for å få eit hjarteinfarkt, men studiar viser at dette er årsak til berre ein prosent av alle akutte hjarteinfarkt.

Absolutt risiko for å få eit hjarteinfarkt i samband med ein time seksuell aktivitet i veka er anslått til å råke to til tre av 10 000 personar i året. Personar som har hatt hjarteinfarkt tidlegare, har ikkje noko større risiko for å få eit nytt hjarteinfarkt i samband med seksuell aktivitet samanlikna med personar som ikkje har hatt koronarsjukdom tidlegare (8).

Eit hjarteinfarkt inneber ofte store endringar i eit menneske sitt liv. Mange opplever seksuelle problem i etterkant. Både menn og kvinner har mindre seksuell aktivitet og er mindre tilfredse med den seksuelle aktiviteten etter eit hjarteinfarkt. Årsaka til dette kan vere angst og depresjon på grunn av hjarteinfarktet, redsel for å få eit nytt hjarteinfarkt eller redsel for å døy. Hjarteinfarktpasientar må ofte bruke ulike medikament som skal betre og stabilisere hjartet sin funksjon. Desse medikamenta kan gje biverknadar som påverkar seksuell funksjon (9, 10). Forsking viser at hjarteinfarktpasientar ynskjer meir kunnskap om situasjonen dei er i. Dei treng òg rådgjeving i samband med seksualitet, men opplever at dei ikkje får dette frå helsevesenet (11).

SEKSUELL RÅDGJEVING

Hensikta med denne artikkelen er å greie for korleis seksuell rådgjeving til pasientar som har gjennomgått eit hjarteinfarkt, blir handtert, når seksuell rådgjeving bør finne stad, kven som har ansvar for dette, kva den bør innehalde, og korleis seksuell rådgjeving bør utførast.

Seksuell rådgjeving er ein interaksjon med pasient og partnar, med informasjon om seksuelle bekymringar og sikker tilbakegang til seksuell aktivitet. I tillegg dekker rådgjevinga vurdering, støtte og konkrete råd knytte til psykiske og seksuelle problem, òg kalla psykoseksuell rådgjeving. Det er utarbeidd retningslinjer som tilrår at helsepersonell diskuterer seksualitet med hjartepasientar, men dette blir praktisert lite i det daglege.

American Heart Association (AHA) og European Society of Cardiology (ESC) har samanfatta evidens relatert til seksuell rådgjeving ved kardiovaskulær sjukdom. Dokumentet gjev rettleiing til legar, sjukepleiarar og anna helsepersonell som skal praktisere seksuell rådgjeving (13). Hjarteinfarktpasientar får lite eller ingen informasjon og støtte om seksuelle problem. Dette kan skyldast misoppfatningar hos både helsepersonell og pasient knytt til seksuell rådgjeving etter ei hjartehending (12, 13).

TEMAET ER TABU

Seksualitet er for mange vanskeleg å snakke om, og helsepersonell tek ikkje opp temaet fordi ein ser det å vere for intimt og privat å snakke om (9). Helsepersonell sine haldningar, oppfatningar og åtferd kan påverke kor vidt seksuell rådgjeving blir utført. Kjensla av ikkje å vere komfortabel med, eller av å vere flau for å snakke om seksualitet, blir skildra som ein stor barriere.

Andre barrierar som blir skrive om, er at helsepersonell trur at pasientane ikkje ynskjer å snakke om seksualitet, og at pasientane opplever at helsepersonellet har manglande kunnskapar til å gje seksuell rådgjeving. Det vert òg skildra barrierar relatert til institusjonen, om at det er for lita tid til seksuell rådgjeving. Personalet må prioritere å bruke tida til å ta seg av pasientar som har større pleie- og overvakingstrong.

Privatlivet til pasientane som ein ynskjer å diskutere seksualitet med, blir lite ivaretatt (12-16).



NÅR GJE RÅD?

Det finnast tilrådingar som seier at rådgjeving bør finne stad medan pasienten er p�
Gå til mediet

Flere saker fra Sykepleien

Andrzej Gorecki er sykmeldt, men får ikke sykepenger. Han forstår ikke hvorfor.
Sykepleien 20.02.2024
Kanskje er det alderen, men jeg klarer bare ikke å mønstre den store begeistringen for den siste kunstig intelligens-bølgen.
Sykepleien 06.12.2023
Det finnes ikke en stor reserve av sykepleiere, viser denne studien. De aller fleste har relevante stillinger, selv om de ikke arbeider med direkte pasientkontakt.
Sykepleien 13.10.2023
DU VET KANSKJE at du har pensjonen din i KLP og at du har «offentlig tjenestepensjon», men vet du hva dette egentlig betyr for deg?
Sykepleien 13.10.2023
Sykepleie er som jazz. Hva kjennetegner jazz? Improvisasjon.
Sykepleien 28.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt