Foto: Mohammed Abed/AFP/Getty Images
I dag avslører kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen smakebitar frå innhaldet i den komande stortingsmeldinga om humaniora. Det fører til at desse faga kjem på dagsordenen til media, politikarar og forskarar.
Som regel når det er tale om fag som historie, religionsvitskap, kunsthistorie, teologi og alle språkfaga blir dei snakka ned, og ikkje opp. Det som har vore trendy og framtidsretta, har handla om dei bokstaveleg tala harde faga som medisin, matematikk, informatikk, og andre realfag. Samtidig er fag som kan reknast til humaniora, som til dømes juss, minst like populært, som før.
I dagens globaliserte verd skulle ein tru at kunnskap om verda rundt oss, ikkje minst språkkunnskapar, ville vore midt i blinken for studentar som ser framover. Dessverre tyder ingenting på det. Språkfaga taper i konkurransen med