Bok og bibliotek
06.06.2021
- Ei ny undersøking frå Ryfylkebiblioteka viser at skulane i liten grad set av løyvingar i budsjettet til dette.
Ei svensk kunnskapsoppsummering1 viser at gode skulebibliotek med kvalifisert personale er viktige for elevane si læring og skuleprestasjonar. Ein føresetnad er tett samarbeid mellom bibliotekar, lærar og skulens leiing og ikkje minst eit breitt og variert litteraturtilbod. I forskrift til Opplæringslova §21-1 heiter det at «Skolen skal ha skolebibliotek med mindre tilgangen til skolebibliotek er sikra gjennom samarbeid med andre bibliotek». Sjølv om mange skular har eit samarbeid med det lokale folkebiblioteket betyr ikkje dette umiddelbart at kvaliteten på tenesta er god og at biblioteket har ressursar til å yte denne tenesta. Leiar i Norsk bibliotekforening, Vidar Lund2 viser òg at folkebiblioteka har fått reduserte løyvingar år for år, noko som reduserer deira høve til å yte gode tenester til skulane.
Ein rapport frå Utdanningsdirektoratet3 viser at norske skulebibliotek ikkje tilfredsstiller dei kriteria Gärden stiller til eit godt fungerande bibliotektilbod for elevane, som til dømes å ha fagutdanna bibliotekar. Mange grunnskuleleiarar peiker på at skulebiblioteket har ei viktig rolle i å fremje leseglede. Mangel på kvalitativt godt skulebibliotek vert òg stadfesta i ei undersøking i Ryfylke-kommunane Strand, Sauda, Suldal og Hjelmeland frå hausten 2020. Nokre har eit skulebibliotek, andre oppfyller lovens krav gjennom samarbeid med folkebiblioteka utan at det seier noko om kvaliteten på tilbodet. Korleis kan me saman sikra at elevane våre får det gode bibliotektilbodet dei har krav på?
Leselyst som mål
Skulebiblioteket skal støtte opp om
Gå til medietEin rapport frå Utdanningsdirektoratet3 viser at norske skulebibliotek ikkje tilfredsstiller dei kriteria Gärden stiller til eit godt fungerande bibliotektilbod for elevane, som til dømes å ha fagutdanna bibliotekar. Mange grunnskuleleiarar peiker på at skulebiblioteket har ei viktig rolle i å fremje leseglede. Mangel på kvalitativt godt skulebibliotek vert òg stadfesta i ei undersøking i Ryfylke-kommunane Strand, Sauda, Suldal og Hjelmeland frå hausten 2020. Nokre har eit skulebibliotek, andre oppfyller lovens krav gjennom samarbeid med folkebiblioteka utan at det seier noko om kvaliteten på tilbodet. Korleis kan me saman sikra at elevane våre får det gode bibliotektilbodet dei har krav på?
Leselyst som mål
Skulebiblioteket skal støtte opp om


































































































