Foto: Martin Toft
Det kom fram under rektorvaldebatten fredag 24. mars, der stipendiatforeininga ved UiO, UiODoc ville vita kva politikk rektorkandidatane Hans Petter Graver og Svein Stølen har for mellombels vitskaplege stillingar og stipendiatar. Debattleiar og leiar for UiOdoc, Sofie Høgestøl gav først ordet til Svein Stølen.
- Dei aller fleste uteksaminerte doktorkandidatar må finna seg jobb utanfor akademia, sa Stølen. Viserektorkandidaten hans, Åse Gornitzka fylgde opp med å presisera: - Det er ekstremt viktig å ha både doktorstudentar og postdoktorstudentar på Universitetet i Oslo, sa ho.
Rektorkandidat Hans Petter Graver meinte at det mest akutte problemet akkurat no var å ha ein felles møteplass for studentar, doktorstipendiatar, postdoktorar og fast vitskapleg tilsette ved UiO. - UiO-leiinga må også ta den akademiske leiarskapen og ta initiativ og visa at dei er proaktive, sa han.
- Må få betre arbeidsvilkår
Både Hans Petter Graver, prorektorkandidat Inger Sandlie, Svein Stølen og viserektorkandidatane Per Morten Sandset og Åse Gornitzka fekk høve til å fortelja korleis dei enda opp som forskarar ved Universitetet i