- Verda er i endring og vi treng gode bygg og utstyr som er tilpassa uvurderlege kulturminne, fleire studentar og nye måtar å undervise på. Derfor held vi trykket oppe i store og viktige byggeprosjekt ved universiteta og foreslår å bruke meir enn 2,4 milliardar kroner på dette neste år. I tillegg til å vere til glede og nytte for studentar og tilsette bidreg dette også til å halde aktiviteten oppe i byggenæringa, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).
Vikingtidsmuseet
I fjor vart det kjend at regjeringa går inn for å bygge eit nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy. Det nye museet blir tre gonger større enn bygget som står i dag og skal etter planen stå ferdig i 2025. Byggeprosjektet har ei total kostnadsramme på ca. 2,2 milliardar kroner, i tillegg kjem 274 millionar kroner til brukarutstyr. I budsjettet for neste år foreslår regjeringa å løyve 110 millionar til dette arbeidet.
- Skattane våre frå vikingtida er uerstattelege. For å sikre dei for framtidige generasjonar er det heilt nødvendig å rehabilitere og bygge nytt museum på Bygdøy. No sikrar vi den vidare fr