FJERNAR SOT OG STØV: Masterstudent Marte Løvseth og bachelostudent Stephanie Frenz fjernar sot og overflatestøv frå Munch-måleriet Genier i lysflommen i Universitetets aula.
Foto: Martin Toft
Denne sommaren har mange av Munch-måleria i Universitetets aula vore dekte av stillas frå golv til tak. Grunnen er at dei har vore gjennom naudsynt kartlegging av skader, behandling av fargar som har losna og fjerning av overflatestøv. Oppe i stillasa finn me master- og bachelorstudentar frå konserveringsstudiet frå Universitetet i Oslo. Dei utfører arbeidet under oppsyn av professor Tine Frøysaker frå Noregs einaste konserveringsstudium. Dei har fått med seg tidlegare studentar, som no arbeider som målerikonservatorar.
Sist dei såg på tilstanden til Munch-måleria i Aulaen var under markeringa av 200-årsjubileet til UiO i 2011. Men den aller første gongen mannskapet på konserveringsstudiet tok ein sjekk av desse måleria, var i 2005. Professor Tine Frøysaker meiner at det no var på tide med ei ny vurdering av tilstanden til måleria.
- Me må ha kontroll
- Ei vanleg oppfatning av måleribehandling er at når det er gjort, så er det ferdig og så varer det evig. Slik er det ikkje i røynda. Det me oppdaga då me undersøkte desse måleria og behandla dei, er at dei har nokre problem som dei kanskje aldri heilt blir kvitt. Då må me fylgja dei opp, og då går me inn med visse intervall og gjer tilstandsundersøkingar av desse fenomena som me veit er problematiske. Nokre av dei reparerer me litt undervegs, andre observerer me berre for å sjå om dei blir større eller mindre. Er det eigentleg noko farleg? Men me må ha kontroll på dei. Og me fjernar alt laust overflatestøv. Me ynskjer ikkje a


































































































