Fleire har slutta ved Avdeling for mediefag og Arbeidstilsynet er varsla om stoda.
Ein av Høgskulen i Voldas mest profilerte medieprofessorar gjennom mange år, Svein Brurås, hadde tenkt å jobba noko lenger.
Slutta 1. mars
Men i november i fjor fekk han nok og sa opp stillinga si. Han slutta 1. mars i år. Men Brurås står framleis oppført på heimesida til høgskulen som tilsett.
- Stemmer det at du har sagt opp stillinga di og slutta ved Høgskulen i Volda?
- Ja, eg kan stadfesta at eg har slutta som lærar ved journalistutdanninga i Volda på grunn av ein konflikt med instituttleiar, seier Brurås til Khrono.
Etter det Khrono kjenner til varsla også Brurås Arbeidstilsynet om stoda ved instituttet, få dagar før høgskulestyret hadde sitt siste møte før sommaren, 16. juni.
Brurås stadfestar også dette.
- Eg har sendt eit brev til Arbeidstilsynet. Det er fordi det finst fleire liknande konfliktar ved Avdeling for mediefag; fordi konsekvensane av dei arbeidsmiljøproblema som deler av staben opplever er så store, og fordi leiinga over tid har vist at ho er ute av stand til å gripa tak i problema, seier professoren som har jobba ved høgskulen i over 30 år.
Brurås ønsker ikkje å kommentera nærare detaljar i konflikten eller kva innhaldet er i brevet han har sendt Arbeidstilsynet.
Vil ikkje kommentera
Khrono har vore i kontakt med instituttleiar Hans Martin Dypvik, som kommenterer situasjonen slik:
- Når det gjeld mitt institutt, Institutt for journalistikk - har vi ei ARK-undersøking (Arbeidsmiljø- og arbeidsklimaundersøking red.mrk) frå november som viser at det er eit godt og forsvarleg arbeidsmiljø.