Khrono
11.09.2023
Eg undrast over om det er mogleg for eitt menneske å fylla alle rollene ein lærar skal ha i dag, seier pedagogikkprofessor Lars Petter Storm Torjussen.
«Det er politikernes jobb å skrelle ned alle oppgavene lærerne har i dag. Nå forventes det ikke bare at læreren skal formidle kunnskap, men også at de skal være sosialarbeidere. Det blir mye til slutt, og det fører til et negativt fokus på lærerrollen, som igjen påvirker rekrutteringen til læreryrket. Denne trenden må snus».
Les merDette er eit sitat frå pedagogikkprofessor Lars Petter Storm Torjussen ved Universitetet i Bergen (UiB) under emneknaggen #valgetforklart.
- Skulen har vore ein sekk ein har lagt samfunnsproblema oppi. Både når ein har snakka om integrering, språkproblem og tidleg innsats har ein peika på skulen. Det betyr at ingenting har gått ut av skulen, men meir har gått inn, seier Torjussen til Khrono.
Nedgang også for lektorutdanninga
Khrono skreiv nyleg om møtt-tala til lærarutdanninga denne hausten. Søkjartala som kom i vår var ikkje noko å ropa hurra for, og nokre veker ut i semesteret viser tal frå utdanningsinstitusjonane at fire av ti studieplassar står tomme.
- Når det er ledige stud


































































































