AddToAny

Polske dommarar må leva under press frå regjeringa

I Polen er dommarar blitt suspenderte og oppsagde fordi dei har kome fram til dommar som regjeringa har vore ueinig i. Nyleg var fleire av dei på UiO og fortalde korleis den utøvande makta sakte, men sikkert har tatt over den dømmande makta.
Etter at Polen i 2015 fekk ei ultrakonservativ regjering leia av president Andrzej Duda og med partileiaren Jaroslaw Kaczynski som ideolog, har rettsstaten meir eller mindre smuldra opp i eit av dei folkerikaste og viktigaste landa i Europa. Maktfordelingsprinsippet er i ferd med å bli viska bort i Polen. Regjeringa som har den utøvande makta, har også fleirtalet av den lovgjevande makta i Parlamentet med seg. Lov- og rettferdspartiet (PiS) er regjeringsparti og er i ferd med å utvikla Polen frå eit liberalt demokrati til ein stat der eit parti som vann det siste parlamentsvalet med nesten 50 prosent av veljarane bak seg, prøver å få kontroll også over tradisjonelt uavhengige institusjonar.

Vil ha kontroll over domstolane

No er regjeringa i gang med også å overta kontrollen over den dømmande makta. 24 av dei 25 medlemane av det nasjonale domstolsrådet (NCJ) er politisk utnemnde av regjeringspartiet. Dei domarane som står bak dommar som regjeringa er ueinig i, blir suspenderte og i nokre tilfelle også suspenderte.

Regjeringa har utnemnt ein eigen disiplinærkomité, The Disciplinary Chamber of the Polish Supreme Court til å suspendera dommarar som ikkje føyer seg etter den rådande oppfatninga til medlemane i Det nasjonale domstolsrådet. Ifylgje Irish Legal News har dei også suspendert 12 dommarar for å ha meldt Polen inn for både Den europeiske menneskerettsdomstolen og for EU-domstolen.

Samla polske dommarar i Oslo

For kort tid sidan møtte fleire av dei på eit seminar i regi av Det juridiske fakultetet på UiO for å diskutera situasjonen til dommarane i Polen, eit land Noreg er alliert med i NATO, og som spelar ei viktig rolle i arbeidet med å støtta Ukraina i krigen mot Russland både humanitært og militært.

Tre av dommarane som har merka regjeringa sin vreide er Joanna Hetnarowicz-Sikora, Maciej Ferek og Bogdan Jedrys. Førstnemnde trekte seg som dommar i Tingretten i Slupsk då lova som fråtok domstolane den frie og uavhengige stillinga deira, blei vedtatt i februar 2020.

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt