Dersom ein hadde hatt ein oppdatert analyse i høve til bemanningsbehovet basert på dei kriteria som låg til grunn for bemanningsutvalet sin rapport, og supplert med endringar sidan 2008, hadde ein truleg enda på ca 2,6 politi per tusen innbygjar.
Kort tilbakeblikk: I samband med statsbudsjettarbeidet til Stortinget i 2004-2005 spelte Politiets Fellesforbund (PF) inn behovet for ein bemanningsplan for politiet. Ein hadde særleg god dialog med Knut Storberget om saka. Han vart justisministar frå hausten 2005 og arbeidet vart godt fulgt opp med eige prosjekt som leverte sin rapport 2008.
Som forbundsleiar fulgte eg heile prosessen frå innspelet til Stortinget, som deltakar i styringsgruppa for prosjektet og oppfylgjinga med auka opptak til Politihøgskulen til 720 for å nå måla i rapporten.
Trengs ein oppdatert vurdering
PF hadde laga ein samanlikning av politidekninga i ulike