Politiforum
07.07.2021
Politiet vert ofte skulda for å ha meir fokus på dei pengane ein ikkje har enn dei ein har. Men no har mange leiarar og tillitsvalte fokus på dei «pengane ein har fått frå Stortinget, men ingen har sett noko til».
I politidirektoratet (POD) sin årsmelding for 2020, kan ein lesa på side 53 at samla hadde politiet eit mindreforbruk på 1000 millionar. Det er vanskeleg å få tak i kvifor ein har dette store mindreforbruket.
Les merDet som er klart, er at politidistrikta samla hadde eit mindreforbruk på cirka 160 millionar. Eg ser at dette også var tema på det siste sentrale IDF-møtet (informasjons-, drøftings- og forhandlingsmøte). I sakspapira til IDF-møtet er det gjeve noko overordna forklaringar. Ein kan ogs