Nokon hevdar at dette er profesjonskamp, andre hevdar at det handlar om særaldersgrense og sparing av pengar. Kanskje det er ein kombinasjon av fleire ting.
Tida er inne for å løfta blikket. Me treng meir enn nokon gong eit politiet med ulik kompetanse, utdanning og erfaring for å laga dei beste og mest profesjonelle miljøa for å møta dagens krevjande kriminalitet. Då treng ein respekt for dei ulike utdanningar og profesjonar, og alle må ta innover seg at grunnlaget for at me har eit politi er samfunnsoppdraget som ligg i politirolla og politiprofesjonen.
Det er svært uheldig og skadeleg for politiprofesjonen når ein utfordrar dette grunnlaget ved å lysa ut openbare politistillingar med sivile stillingskodar.
Er det tenkeleg at Forsvaret kunne lysa ut ein troppsjefs-stilling som avdelingsleiar og i etterkant tilby militærgrad som løyntnant. Svaret veit me.


































































































