Men Rausing var òg ein ivrig humanist. I tillegg til å leia den store verksemda var han, ifølgje Wikipedia, ein mykje brukt førelesar ved Institutt for arkeologi ved Lund universitet, og han skreiv òg fleire bøker.
I 2011 var Tetra Pak verdas største matemballasje-verksemd. Gad Rausing hadde difor pengar å gi vekk, og finansierte både forsking og utgraving av ein vikinglandsby utanfor Stockholm. I 1995 vart «Birgit och Gad Rausings stiftelse för Humanistisk Forskning» oppretta. Stiftinga finansierer, ifølgje eigne nettsider, avansert, svensk forsking innan humaniora, først og fremst innan arkeologi, historie, kunstvitskap, litteraturvitskap og språkvitskap, og kvar haust vert det delt ut stipend.
Betyr noko anna i USA
Kva har så Gad Rausing med den norske professoren Helge Jordheim å gjera?
Jo: Gad Rausing døydde i 2000. To år seinare oppretta barna hans «Gad Rausings Pris för framståande humanistisk forskargärning». Pengane kjem frå stiftinga, og det er det svenske Kungl. Vitterhetsakademien, der Gad Rausing sjølv var medlem, som avgjer kven som får prisen. I år var det norske Helge Jordheim. Han er den tredje norske mottakaren av den nordiske prisen.
- Eg vart veldig overraska. Det er fantastisk gøy, her har nokre menneske i ein komité syntest at eg skal ha denne prisen. Det hender jo at eg lurer på om nokon bryr seg om forskinga mi, så det er kjekt at svenskane - altså nokon utanfrå - gir meg ein slik pris, seier Jordheim.
Då Khrono snakka med han, var Jordheim i Stockholm. Men eigentleg er han i USA for tida, han har forskingsfri, med Fulbright-stipend. På den andre sida av Atlanteren har han merka at ein slik pris betyr noko anna enn i Norden.
- Når eg vert introdusert på arrangement i USA, vert alltid prisen - og pengane - nemnde. Der heng prestisje og pengar tydeleg saman på ein annan måte. Eg er ikkje van med å skryta av pengar, seier Jordheim.
Ei gresk øygruppe
Jordheim har ein lang CV. Frå 2014 leia han det tverrfaglege prosjektet KULTURTRANS,


































































































