Uniforum
22.04.2017
Over 1000 akademikarar og andre støttespelarar demonstrerte for vitskapen i Oslo i dag. Demonstrasjonen var ein del av dagens verdsomfemnande March for Science.
TIL STORTINGET: Dei tusen deltakarane i March for Science gjekk i tog frå Rådhusplassen til Stortinget. Begge plassar blei det halde appellar.
Les merFoto: Ola Sæther
Dei rundt 1000 deltakarane marsjerte frå sjøsida framfor Oslo rådhus og til Stortinget. I heile verda var det 600 liknande arrangement, åtte av dei i Noreg, Både på Rådhusplassen og framfor Stortinget leidde jussprofessor Beate Sjåfjell demonstrasjonen. Ho er også styreleiar i organisasjonen "Concerned Scientists, Norway" som er ein av støttespelarane til demonstrasjonen for vitskapen.
- Aldri har det vore viktigare enn no å stå på for vitskapen. Det beste USAs president har gjort for verda er at han har fått forskarar, akademikarar og andre støttes