Det var etter at smittespreiinga har auka kraftig i Oslo den siste veka at byrådet i Oslo no har bestemt at det må innførast nye tiltak for å få ned smittespreiinga. Statistikken viser at i løpet av dei siste sju dagane er 545 personar i Oslo smitta av koronaviruset.
- No set me i verk tiltak for å slå ned smitta i samfunnet før smitta slår ut samfunnet, sa byrådsleiar Raymond Johansen.
Stengjer kinoar, teater og symjehallar
Det er ikkje berre full skjenkestopp Oslo kommune vil stansa frå måndag. Det blir også forbode med alle arrangement innandørs. Alle fotballcupar i breiddeidretten for barn blir avlyste, men treningane til idrettsklubbane for barn og unge held fram som før. Også symjekurs for barn og unge held fram, men kinoar, teater, symjehallar, treningsstudio, bowlinghallar og leikeland vert alle stengde.
- Biblioteka vil haldast opne av omsyn til barn og unge, opplyste Raymond Johansen.
Også taxisjåførar o