Køen var av sovjetiske proporsjonar der den strekte seg frå den eine enden av Musehagen til den andre då den slovenske filosofen Slavoj Zizek skulle på scenen i Universitetsaulaen i Bergen laurdag. Gratis, men ingen billettar og først til mølla, var det litt kaotiske konseptet, i alle fall for dei lågare «klassane», som møtte tidleg for å prøve å sikre seg ein av dei 350 plassane innomhus.
Det var spørsmålet om poenget med å vere kommunist tretti år etter murens fall som lokka fram ei lita folkevandring på Nygårdshøyden i Bergen denne laurdagen i desember.
- Eg likar ideane hans, forklarte Valerio Rossetti, italienar og student på Det humanistiske fakultet, og ja, kommunist, med ein tjukk thriller av Stephen King under armen.
- Og akselerasjonist, la han til, utan å gå i detalj, det var berre å håpe at også køen skulle akselerere.
Apokalypse no
I kjent, rufsete stil og foredragsfart over fartsgrensene rakk Zizek i løpet av dei fem første minutta å snakke om dagens Kina (med sine «wild cat strikes», konsentra