I artikkelen «Anti-Natalism and Human Enhancement» skriv han om den norske filosofen Peter Wessel Zapffe og argumenterer for kvifor Zapffe og andre pessismistar heller burde vera tilhengjarar av menneskeleg forbetring enn å vera imot at det blir født barn. Den artikkelen har ført til at han i morgon får tildelt Zapffe-prisen på 100 000 kroner av UiO.
- Gratulerer med prisen, Ole Martin Moen!
-Tusen takk for det.
- Korleis er det å få tildelt den prisen?
- Det er veldig fint. Zapffe meinte at det er gale å få barn, og var ein såkalla anti-natalist, og av den grunn fekk han heller ingen eigne barn. Derfor gjekk heile formuen hans inn til dette fondet. Så då føler eg meg litt som arvingen hans. I staden for å få eigne biologiske barn, så prøver Zapffe på den måten å få intellektuelle barn, seier Ole Martin Moen med eit smil.
Til dagleg arbeider han som forskar ved Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk ved Universitetet i Oslo.
Som filosof synest Ole Martin Moen at Peter Wessel Zapffe er ein svært interessant tenkjar.
- Zapffe og Arne Næss er kanskje dei mest interessante filosofane Noreg har hatt. Derfor er det ei stor ære å få denne prisen.
Deler eit pessimistisk verdsbilete
Ole Martin Moen fortstår at det ikkje er lett å sjå samanhengen mellom Zapffes pessimistiske livsfilosofi og den filosofien for menneskeleg forbetring som Moen sjølv står for.
- I utgangspunktet skulle ein ikkje tru det var så mykje. Zapffe har ein svært pessimistisk verdsbilete, og det har for så vidt eg også. Zapffe meiner derfor at me menneske burde utrydda oss sjølv