AddToAny

Ola Borten Moe gravlegg teljekanten for publisering

Regjeringa følgjer forslaget frå Hatlenutvalget og tek bort indikatoren som premierer publisering, det som vert kalla teljekant i forskinga.
Det kom fram då forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe i dag la fram ei stortingsmelding om utsyn og kompetansebehov i Noreg.

Regjeringa vil ta bort fleire av teljekantane i finansieringa av universitet og høgskular. Teljekantar er det folkelege namnet på den resultatbaserte finansieringa av forsking og utdanning. Dei institusjonane som kan visa til gode forskingsresultat, har til no fått overført ein del ekstra pengar frå Kunnskapsdepartementet på grunnlag av det.

No står denne ordninga og fleire andre teljekantar for fall. Det gjorde forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe klart, då han la fram stortingsmeldinga (Meld. St. 14 (2022-2023) Utsyn over kompetansebehovet i Noreg på ein pressekonferanse i lokala til OsloMet i Pilestredet i dag.

- Det frigjer ressursar

- Me forenklar med nytt finansieringssystem måten me styrer og premierer sektoren på. Det blir mindre teljekantar, mindre rapportering og mindre byråkrati. Det frigjer igjen ressursar til det som er kjerneoppgåvene, nemleg undervisning og forsking. Dette er eigenteleg operasjonalisering av den første del av tillitsreforma for universitets- og høgskulesektoren, seier Ola Borten Moe til Uniforum.

I ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet går det fram at framover vil regjeringa prioritera kompetanse som er nødvendig for eit høgproduktivt og konkurransedyktig næringsliv, for å gjennomføra grøn omstilling og for å kunna ha gode velferdstenester i heile landet. Og når det gjeld universiteta og høgskulane inneber dette at dei

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt