Det kravet klarte ingen av dei 31 institusjonane i sektoren, som Språkrådet førte tilsyn med i 2022, å innfri.
Samstundes er variasjonane store. Kunsthøgskolen i Oslo har hatt ein nynorskprosent på 15-20 i fleire år. Mindretalsspråket er langt mindre synleg ved store universitet som Universitet i Oslo (UiO) og NTNU.
NTNU hadde 4 prosent nynorsk i 2022. Ved UiO var nynorskbruken under 10 prosent ved alle fakultet, og under 5 for dei fleste.
- Pinleg, uttalte direktør i Språkrådet Åse Wetås, til Khrono.
Ho la til at universitetsleiarane ikkje ser ut til å forstå alvoret «og kor skadeleg det er for moglegheita til å oppretthalde språkmangfaldet i Noreg».
Prioriterer Pride
På spørsmål frå Khrono presiserer rektor ved UiO, Svein Stølen, at arbeidet med å


































































































