Khrono
04.09.2023
Camilla Brekke må frå første dag som Polarinstituttets nye direktør balansere forsking og politikk.
- Polarinstituttet arbeider med å styrke Noreg som polarnasjon. Det er viktig at Noreg har på seg leiartrøya i forvaltningsretta forsking i polarområda. For å kunne vere ein løysingsorientert kunnskapsnasjon, men det handlar også om å vere til stades i polarområda, seier Camilla Brekke.
Les merHo har sete ein knapp time i direktørstolen på kontoret då Khrono snakkar med henne. Som for å understreke poenget, om nokre timar kjem klima- og miljøminister Espen Barth Eide inn døra på kontoret i Tromsø. Eit dialogmøte står på programmet.
Tema er den arktiske delen av forvaltningsområdet. Polhavet i nord er på veg til å bli isfritt om sommaren, som følgje av menneskeskapte klimaendringar.
- Altruistisk
Det har eit utal ukjende implikasjonar for Noregs - og verdas - framtid, som involverer nær sagt a


































































































