FLYTTAR BUDDHA: Handverkssjef Inge Bjørgen og konservator Anne Håbu ved Kulturhistorisk museum flyttar Buddha-figuren over på ei tralle, før den skal pakkast ned og sendast tilbake til Myanmar. Kulturminister Linda Hofstad Helleland står og observerer arbeidet.
Foto: Ola Sæther
For seks år sidan blei ein 93 kilo tung Buddha-figur beslaglagd av Tollvesenet i Drammen. Etter kvart blei den plassert hos Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo. Etterforskinga viste at den kom frå Myanmar. Frå 1. august 2016 og til no har den vore utstilt utanfor Etnografisk samling i Historisk museum.
I dag blei Buddha-figuren gjort klar for den lange reisa tilbake til heimlandet. Då løfta konservator Anne Håbu og handverkssjef Inge Bjørgen skulpturen frå utstillingsmonteren og over på ei tralle, før dei frakta den vidare