Får store konsekvensar
Mellom 40 og 50 tilsette i Norce, som tidlegare var tilsett i Uni Research, har hittil hatt ein ytingspensjonsordning. No er dei flytta over til innskotspensjonen til Norce, som gir dei tilsette eit innskot på sju prosent for inntekt opp til 7,1 G (ca. 690 000 kroner), og 16 prosent for inntekt mellom 7,1 G og 12 G (690 000 og 1 160 000 kroner).
Dersom vi hadde visst dette tidlegare kunne vi vurdert andre arbeidsgivarar. Folk vurderer jobbar utifrå ein totalpakke av løn og arbeidsvilkår, og pensjon er ein del av dette. Dag Arne Christensen Forskningsleder Norce
- For folk som har Norce som hovudarbeidsgivar får dette store konsekvensar, fortel forskingsleiar Dag Arne Christensen.
Han er ein av underskrivarane på eit brev til Norce, som er sterkt kritisk til måten det nye selskapet har handtert pensjonsspørsmålet på.
Tapar 50 000 i å


































































































