- Eg trur det enkle svaret her er rett og slett at eg kjenner meg veldig heime i Venstre sin liberale ideologi, eg ønsker at Venstre skal få meir gjennomslag både lokalt og nasjonalt, og då kan eg ikkje berre sitje stille og håpe nokon andre gjer jobben for meg. Fridom til den enkelte og ansvar for fellesskapen, internasjonalt samarbeid, å stanse klimaendringane og ta vare på naturen, dette er verdiar eg har hatt med meg gjennom livet, og som gjer det meiningsfullt å bruke fritida si på politikk.
- Kva for akademisk sak brenn du for?
- I mitt politiske virke har eg nok vore mest oppteken av grunnskule og vidaregåande opplæring, men eg kjenner at eg vart mektig provosert av innføringa av studieavgift for utanlandske studentar. At Ap/Sp-regjeringa valde å bryte Hurdalsplattforma på dette punktet var i utgangspunktet sjokkerande, og at dei i tillegg faktisk fekk med seg SV på vedtaket synest eg var oppsiktsvekkande. Å forlate prinsippet om at høgare utdanning skal vere gratis og tilgjengeleg for alle, er nok d


































































































