Khrono
18.08.2020
- Det var ikkje vanskeleg å få leiinga med på dette, seier Forskerforbundet ved OsloMet. Der får dei tilsette 25 prosent meir i timeløn om dei jobbar etter kl 17.
For å jobba etter kl 17, får ein ifølge hovudtariffavtalen i Staten 15 kroner ekstra i timen. Vanlege år har ikkje dette vore den mest debatterte paragrafen, men denne hausten legg fleire institusjonar opp til at ein del undervisning må skje på sein ettermiddag og tidleg kveld: Slik kan flest mogleg få fysisk undervisning på campus.
Les merForskerforum skriv no at Forskerforbundet meiner eit tillegg på 15 kroner timen er altfor lite. 50 prosent auke i løna for undervisning etter kl 17 er det ein bør ha, seier Forskerforbundet sin leiar Guro Lind.
- Me er uroa over undervisningssituasjonen og dei som skal undervisa i haust, seier Lind.
Ho viser til at mange jobba mykje i vår, og trekte med seg arbeid inn i sommarferien, mellom a