AddToAny

No set regjeringa i gang ein redningsaksjon for norsk fagspråk

I dag la regjeringa fram ein handlingsplan for å styrkja norsk fagspråk i akademia. Der føreslår regjeringa også ei endring i universitets- og høgskulelova som inneber at norsk eller samisk er undervisningsspråk på norske institusjonar.
Hovudmålet med handlingsplanen for norsk fagspråk som blei presentert av forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe og kultur- og llikestillingsminister Anette Trettebergstuen på Nasjonalbiblioteket i ettermiddag, er å sørgja for at det blir halde liv i fagtermar på norsk også i framtida.

Ein viktig reiskap for å få det til, nyttar regjeringa i statsråd førstkomande fredag, då det blir føreslått å endra universitets- og høgskulelova slik at det står svart på kvitt at undervisningspråket er norsk eller samisk med høve til fagleg grunngjevne unntak.

Vil lovfesta retten til å skriva oppgåver på norsk

Regjeringa vil at studentane frå og med 2024 skal få ein lovfesta rett til å skriva oppgåve i både bachelor og master på norsk (nynorsk og bokmål) eller samisk. For at det skal skje, vil dei endra universitets- og høgskulelova også på det punktet. Når det gjeld studentane, skal det stillast krav til institusjonane om at dei også får kompetanse i norsk fagspråk i høgare utdanniing gjennom ei føreskrift om nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk, går det fram av handlingsplanen for norsk fagspråk i akademia.

Utanlandske tilsette skal få både rett og krav til norskopplæring

Eit anna tiltak som universiteta og høgskulane blir bedne om å gjennomføra, er å fylgja opp ei mogleg føreskrift om krav om norskkompetanse på nivå B2 innan tre år for fast tilsette som har undervisningsoppgåver og som ikkje har norskkunnskapar på eit så høgt nivå ved tilsetjing.

I handlingsplanen går regjeringa også inn for å føreskriftsfesta eit krav om at doktorgrads- og postdoktorstipendiatar som ikkje har kunnskapar i norsk ved tilsetjing får tilbod om norskopplæring og krav om gjennomføring av norskopplæring tilsvarande 15 studiepoeng.

Vil ha auka vektleggjing av formidling på norsk fagspråk

Arbeidet med ein termportal for fagspråk ved Universitetet i Bergen skal styrkjast. Reglane om norsk fagspråk i den nye universitetet- og høgskulelova skal også bli endå tydelegare, slik at det blir klarare kva institusjonane skal gjera for å innfri kravet i lova, heiter det.

Dessutan skal det, dersom regjeringa får oppfylt ynsket sitt, arbeidast meir for å leggja vekt på formidling og utvikling av norsk fagspråk og terminologi ved rekruttering og merittering.

- Heilt nødvendig

Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe understrekar bakgrunnen for at regjeringa no kjem med ein handlingsplan for norsk fagspråk i akademia.

- Dette kjem ikkje ut av eit vakuum, men det

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt