Inspirert av Darwin Day på UiO
I år er det 200 år sidan han blei fødd, og det blir markert over heile verda. På Universitetet i Oslo har biologiprofessor Nils Chr. Stenseth tatt initiativet til eithalvdagsarrangement om Gregor Johann Mendel på Kumlegaarden i Drøbak. Då blir det mellom anna eit foredrag med ein annan munk, fader Jan Emil Biernat frå den katolske augustinarordenen som også Gregor Johann Mendel tilhøyrde.
- Det var etter at me hadde arrangert ein Darwin Day på UiO, eg blei kontakta av representantar frå komiteen for Mendel-jubileet i Brno som hadde deltatt på arrangementet, og dei spurte om eg kunne få til noko liknande som ein Mendel Day eller Mendel-festival. Eg har vore der fleire gonger, seinast i fjor under markeringa av fødselsdagen hans