Den norske tannlegeforenings Tidende
20.08.2020
662 I Bergen og Tromsø er åtte av ti av dei som har fått tilbod om studieplass på tannlegestudiar kvinner, skriv Khrono i august. Også for medisin og psykologi er kvinner i klart fleirtal.
Det er totalt fleire kvinner enn menn som søkjer, og får, studieplass for høgare utdanning. Fordelinga er omlag 60-40.
Les mer- Eit nasjonalt problem, seier Pål Barkvoll, dekan ved Det odontologiske fakultetet ved Universitetet i Oslo (UiO), der det er 85 kvinner og 27 menn som har fått tilbod om studieplass.
- Dei mest populære helsefaga får ein skeiv kjønnsbalanse. Det ser ut til at kvinnene er best kvalifisert, men dei er òg i klart fleirtal når ein ser på kven som søkjer, seier Barkvoll.
Ved UiB er Pål Bakke dekan ved Det medisinske fakultetet. Han meiner tida er inne for å sjå på kjønnskvotering.
- God kjønnsbalanse er bra, og det hadde vore ein fordel dersom kjønnsbalansen var jamnare. For særleg tannlege meiner eg det er så få mannlege studentar no at ein bør sjå på kvotering