Det er totalt fleire kvinner enn menn som søkjer, og får, studieplass for høgare utdanning. Fordelinga er omlag 60-40.
Gjeld mange helsefag
- Eit nasjonalt problem, seier Pål Barkvoll.
Han er dekan ved Det odontologiske fakultetet ved Universitetet i Oslo (UiO), der det er 85 kvinner og 27 menn som har fått tilbod om studieplass.
- Dei mest populære helsefaga får ein skeiv kjønnsbalanse. Det ser ut til at kvinnene er best kvalifisert, men dei er òg i klart fleirtal når ein ser på kven som søkjer, seier Barkvoll.
Til odontologistudiet ved UiO var det etter første opptaksrunde i Samordna opptak 154 kvinner og 49 menn på venteliste. For medisin, der kvinnedelen ligg på mellom 69 og 77 prosent ved norske universitet, er det til dømes 512 kvinner som står på venteliste ved UiO og 169 ved Universitetet i Bergen (UiB).
Ved UiB er Pål Bakke dekan ved Det medisinske fakultetet. Han meiner tida er inne for å sjå på kjønnskvotering.
- God kjønnsbalanse er bra, og det hadde vore ein fordel dersom kjønnsbalansen var jamnare. For særleg tannlege meiner eg det er så få mannlege studentar no at ein bør sjå på kvotering, seier Bakke.
Har fått nei til kvote
Ei kv